Häxer - Til Skræk og Exempel

Ein gong i blant så kjem det eit band som berre sender deg rett tilbake til den perioden i livet ditt då all musikk du oppdaga berre var skamfeit. Blodet brusa, livet smilte og musikken ga deg akkurat det du trengte når du trengte det, uansett kva det måtte vere.

Mange av lesarane våre er godt kjent med Kvelertak sin debut. Eg skal vere jæsklig forsiktig med å samanlikne sjølve musikken, men altså; det eg skal fram til er kjensla. Kjensla av å høyre den plata om att og om att, og aldri bli lei. Denne nostalgiske turen sender Häxer meg på med sin debut-EP TIL SKRÆK OG EXEMPEL! Takk for nostalgien.

Kruttet er ikkje funne opp på nytt her. Mykje av dette har me høyrt før, men kvifor skal ein kødda med ein oppskrift som funker? Dette er alt anna enn generisk; Häxer gønner på med både pondus og kraft her. Ufatteleg digg å høyra på, og eg tippar det sparkar ganske så hardt live. Deilig solo i K.U.K, råbra driv i Heksedans (forøvrig er det også denne låta som gir meg mest av den gamle, deilige Kveler-viben), og som ein ekstra klump med smør på grauten får du servert heavy-metal-riffing frå toppen av den skitnaste kransekaka på Trollmarsj, noko eg verkeleg elsker.

Det eg står igjen med er 4 skikkeleg gromme låter eg berre vil høyre igjen og igjen.

Eg ser fram til å få meir frå denne gjengen, og ser fram til å få sett dei live. Forøvrig ufatteleg feit logo og tema på det heile!

Patrick Fardal