Det beste frå 2023 - Jarand

Blanda singlar

1: Herman Wildhagen – This Time

2: Heave Blood & Die - Mjelle

3: The Impossible Green – Carnivorous Arms

4: Daman Shurek – Dog Doggy Dogs

5: Moon Tooth - Grimothy

6: trueandtrue – I Will Destroy You

7: Death By Unga Bunga – Camouflage

8: Hammok – H.F.D

9: Ducks Ltd. – The Main Thing

10: Chelsea King – crush!

 

Blanda EP

1: Maruja – Knocknarea

2: Combos – Turning Up The Bass

3: Better Lovers – God Made Me An Animal

4: Bo Milli – Making Friends EP

5: HOIST – City Lights

6: Engstelig – Inn for landing

7: Herkedal – Wild Raspberries & Plum Trees

8: Of All Things – Strawberry Wine

9: Rifle – Under Two Flags

10: Autonomie – No Peace, Only Violence 

 

Utanlandsk LP

1: Queens of the Stone Age – In Times New Roman…

Eg har lenge venta på denne plata. Like Clockwork… (2013) slukte 16 år gamle meg heil og sidan har eg lengta etter den same kjensla. Etter fiffige Villians (2017) er bandet no tilbake i storform. Både QOTSA og eg har nok endra både smak og stil på dei ti åra som har gått, men denne plata treffer blink i rockehjartet. Slibrig og slesk på utsida, skjør på innsida.

2: Slowthai – UGLY

Det er ikkje barnemat å utlevere seg sjølv på denne måten, men jaggu blir det bra musikk av det. Stilen hans er hard og brutal, men i denne innpakkinga er det også rom for mykje sårbarheit. Samstundes greier han å pakke inn materialet i eit lydbiletet som ikkje er låst til ein sjanger. «Selfish» har eine beinet planta i alternativ rock, mens «Never Again» kombinerar spoken word og jazza beats. Ei tung men treffande plate.

3: Shame – Food for Worms

Energisk post-punk som verkeleg gir av seg sjølv. Shame dekker eit breitt spekter, her er det berre å plukke sin favoritt. Majestetiske «Orchid», kaotiske «The Fall of Paul» eller festen «Six-Pack». Felles for alle er ein oppfinnsam låtskriving og levande produksjon.

4: Teksti -TV 666 – Vapauden tasavalta

Frå første tone er det ungdommeleg og friskt. Oppskrifta har ikkje endra seg nemneverdig for Tekst-TV 666, men ingen kan seie at det ikkje fungerer. Her er det rock i alle slags formar. Eg kan nærmast lukte nyklypt gras, solkrem og kald pils med dette på øyret.

5: JPEGMAFIA, Danny Brown – SCARING THE HOES

Det gjeng over stokk og stein på SCARING THE HOES, på aller beste vis. Ein rik og kreativ produksjon skal ha æra for høg underhaldingsfaktor gjennom heile plata. Danny Brown passar som hand i hanske her, galskapen hans setter eit minneverdig preg totalt sett. På magisk vis flyt det heile saumlaust utan eit keisamt sekund å spore.

6: Afsky – Om hundrede år

7: Buen Destino – S/T

8: Joey Valence & Brae – PUNK TACTICS

9: Model/Actriz – Dogsbody

10: Boygenius – the record

 

11: Blur – The Ballad of Darren

12: Danny Brown – Quaranta

13: The Oh Sees, Osees – Intercepted Message

14: The Hives - The Death of Randy Fitzsimmons

15: Hey Colossus – In Blood

16: Pigs Pigs Pigs Pigs Pigs Pigs Pigs – Land of Sleeper

17: Only Fools and Corpses – PISSANT

18: BC Camplight – The Last Rotation Of Earth

19: Swans – The Beggar

20: Ghost Women – Hindsight is 50/50

 

Norske

1: Kvelertak – Endling

Tilbake i storform. Det ligg ein tryggleik i eit nytt Kvelertak album, spesielt når bandet openbert har spissa både plekter og penn i høve låtskriving. Tekstuniverset er meir utbrodert og eg oppfattar bandet som meir fokusert. Den umiskjennelege lyden av Kvelertak er godt bevart og er endå like aktuell i mine øyrer.

2: Little Ladder – God Bless Little Ladder

Dette blei tidleg ein favoritt frå fjoråret, då den kom ut av det blå på vårparten. Eg synes endå at flyten er sjukt bra, frå streit rock og vidare inn i kompleks sjangerleik. Det er noko med den utforskande kvaliteten som treffer meg. Som eg skreiv i platemeldinga: eg gler meg til å høyre meir frå desse.  

3: Kanaan – Downpour

Kanaan har skrudd opp fleire hakk dei siste åra. Downpour bygger vidare på grunnmuren dei etablerte på Earthbound (2021), med ein ny leveranse av grovkorna riff. Trioen har ein vill sans for å skape slagkraftig fuzzrock. Når dei så attpåtil  knusar den ned med skrapande synth og eksplosive trommer er det berre å lene seg tilbake og nyte. Dei som vil stupe lenger inn I denne verda kan fryde seg over Diversions-serien, der bandet strekk ut låtane, og legg meir vekt på psych og jazz elementa.

4: Salvador Dassi – This is about you

Salvador Dassi var også ei av fjorårets særs positive overraskingar. Utopisk rock i skikkeleg tilbakelent stil. Vokalen er avslappa og kul, den står utruleg bra til dei flyktige instrumenta. «Stone» minnar meg om Mac Demarco på sitt beste.  Dersom nokon sit og skal plukke soundtrack til ein eller anna snurrig krimserie er forresten «Just Know» eit must.

5: Hey Gloria – Hur Fort Skal Man Gå?

Eit album som er frynsete i kantane, men med eit pumpande drivande rockehjarte. Eg elskar at dei let det puste, både med innslag av støy, perk, og elektroniske element. Vokalen er levande og vond, berre høyr En Kåt Sekund. Bandet let ofte villskapen i rocken styre men greier samstundes å skape triumferande heilstøypte låtar. Til dømes Mina Tjejer eller Hur Fort. Trykk play og set verda på pause ei lita stund, det er verdt det.  

6: Bigbang – Le Californie

7: Susanne Sundfør – blòmi

8: Spidergawd – VII

9: Stian Westerhus – SOTT

10: Spurv – Brefjære

11: Drongo – 3

12: ROSA FAENSKAP – jeg blir til deg

13: Nonne – Omf!

14: Stein Torleif Bjella – Nysetmåne

15: Linni – Daywalkah

16: Rossman – Noen har det bra (andre har det enda verre)

17: Rick Grove – Reasons

18: Trond Kallevåg – Amerikabåten

19: Matt Burt and The Busy Dead – Gravedigger’s Blues

20: JUNO – Myriad Path